
Fredag 24. februar, nøyaktig eitt år etter invasjonen av Ukraina, fylte folk salen på Kobbasteinen kulturgard i Hjelmeland. Temaet for demokratisalongen denne kvelden var: Russland, Ukraina og Europa – Hva nå?
I sentrum for samtalen stod diplomatiske erfaringar, journalistisk innsikt og poetisk uttrykk – alt sett saman til éin tankevekkjande kveld.
Øyvind Nordsletten, tidlegare norsk ambassadør til både Russland og Ukraina, delte vurderingar frå fleire tiår i teneste for norsk utanrikspolitikk. Med inngåande kjennskap til regionen, og ikkje minst til dei politiske mekanismane bak Putins regime, gav han eit alvorleg, men nyansert bilete av situasjonen.
Tom Hetland, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, samtala med Nordsletten og journalist og forfattar Ingeborg Eliassen. Eliassen leiar det europeiske gravejournalist-nettverket Investigate Europe, og bidrog med eit breiare blikk på korleis krigen påverkar det politiske landskapet i Europa; frå energipolitikk til demokratiske verdiar.
I samtalen tok dei opp spørsmål som: Kva er Europa sitt ansvar? Korleis møter me eit Russland i konfliktmodus? Kva slags framtid kan me sjå føre oss for Ukraina?
Kvelden fekk eit sterkt poetisk punktum då Odveig Klyve, poet og filmskapar, presenterte sin nye film basert på diktet «Skjelv du på handa i dag, Vladimir». Diktet som blei skrive som ein direkte appell til Putin, er nå omsett til over 100 språk og utgjeve på det skotske forlaget Taproot Press. Filmen blei vist for første gong i denne samanhengen, og gjorde sterkt inntrykk på publikum.
