Demokratisalong om håp fylte kyrkja

Det var god stemning i kyrkja då Hjelmeland sokneråd og Kobbasteinen Kulturgard inviterte til demokratidialog om håpets kraft.

Arrangementet samla eit breitt publikum til refleksjon og samtale om korleis håp kan vera ei drivkraft i ei tid prega av uro, konflikt og sosial splitting.

Biskop emeritus Per Arne Dahl opna kvelden med ei innleiing om håp, fellesskap og livsmot, før han gav ordet vidare til eit panel med deltakarar frå ulike fagfelt og livserfaringar.

Fullt hus, god stemning og tilhørerne fikk noe å tenke over da Hjelmeland sokneråd og Kobbasteinen Kulturgard inviterte til demokratidialog om håpets kraft.

Magnhild Meltveit Kleppa, tidlegare statsråd og fylkesmann, John Nessa, tidlegare kommuneoverlege og forfattar, og Inna Kononenko, psykolog og flyktning frå Ukraina, delte sine perspektiv på kva som skal til for at håp kan bli til handling. Samtalen blei leia av journalist Kristin Aalen, med bakgrunn frå NRK og Stavanger Aftenblad.

Kvelden blei avrunda med musikalske innslag frå ein lokal trio med musikarar frå Hjelmeland storband: Istvan Horvath(piano), Tor Marlow Barka (saksofon) og Anders Smith (kontrabass).

Arrangementet er del av ein serie arrangement på Kobbasteinen Kulturgard, der målet er å skapa møteplassar for ettertanke og meiningsutveksling i lokalsamfunnet.