Salen var fullsett då Foreningen Kobbasteinen Kulturgard inviterte til demokratisalong i samarbeid med idéfestivalen KÅKÅnomics. Temaet for kvelden var like aktuelt som det var kontroversielt: borgarlønn – eller garantert grunninntekt – sett i lys av kunstig intelligens og økonomisk uro.

Utviklinga innan kunstig intelligens går i rekordfart og tek over stadig fleire oppgåver som menneske tidlegare har hatt som yrke. Samstundes slit fleire og fleire nordmenn med å betala rekningane sine – sjølv om dei er i arbeid.
Mange opplever økonomisk stress i ein kvardag der tryggleiken frå den klassiske velferdsstaten ikkje strekk til slik han ein gong gjorde. Systemet blei laga for eit meir stabilt samfunn enn det me lever i no.
Kan borgerlønn – ei slags «barnetrygd for vaksne» – vera svaret på desse utfordringane?
Det var nettopp dette forfattar og tidlegare journalist Sven Egil Omdal tok tak i då han innleidde demokratisalongen. Med utgangspunkt i boka si «Borgerlønn – ideen som endrer spillet» skildra han korleis ideen om ei garantert grunninntekt kan gje både individ og samfunn betre beredskap i møte med raske omveltingar, anten dei skuldast teknologi, marknad eller klimaendringar.
Deretter leia Tom Hetland, tidlegare redaktør i Stavanger Aftenblad, ein samtale mellom Eirin Sund, regionleiar i LO Rogaland, og Ola Kvaløy, professor i økonomi ved Universitetet i Stavanger.
Sund løfta fram LO sitt syn på borgarlønn som både ein mogleg tryggleik og ei utfordring for eit organisert arbeidsliv. Ho peika mellom anna på faren ved å svekka insentiv til arbeid, men anerkjente behovet for nye løysingar.
Kvaløy drøfta økonomiske og samfunnsmessige konsekvensar, og viste til både mogleg gevinst i form av forenkling og verdigheit, men òg kostnadar og dilemma knytta til finansiering og rettferdig fordeling.
Publikum fekk òg sleppa til med spørsmål og kommentarar, og det var tydeleg at dette er eit tema som engasjerer breitt. Nokre var nysgjerrige og opne for ideen, medan andre uttrykte uro for både økonomisk bereevne og moralske konsekvensar.

