350 personar tok turen til Kobbasteinen Kulturgard i samband med midtsommaraftan, der Yama Wolasmal, Leila Hafzi og Helene Bøksle stod på programmet.
I kveld blei det sett ny publikumsrekord på Kobbasteinen, då 350 gjestar samla seg til ei innhaldsrik markering av årets lysaste dag.

Kvelden starta med ein sterkt og personleg samtale der NRK-journalist Yama Wolasmal delte sine eigne erfaringar som flyktning, samt frå jobben som krigsreporter. Sven Egil Omdal leia samtalen, og lurte mellom anna på kva utfordringar journalistar som Wolasmal møter i ein mediekvardag som er prega av kampen om kva som er sanninga.


Det gjorde ekstra sterkt inntrykk på publikum at Wolasmal, på grunn av den usikre og tilspissa situasjonen mellom Israel og Iran, måtte vera med på videolink frå Tel Aviv.
→ Heile samtalen med Yama Wolasmal er tilgjengeleg som podkast
→ Les òg Strandbuen sin artikkel om podkast-satsinga

Deretter følgde designar Leila Hafzi opp med ein motepresentasjon, der ho viste fram delar av kolleksjonen Lovers Hymn, som blant anna hyllar kjærleiken sine mange fasettar gjennom eit kunstnarisk og etisk uttrykk.







Kvelden blei runda av med konsert ved Helene Bøksle, som trollbatt publikum med si kraftfulle og særeigne stemme. Ho framførte musikk inspirert av folketonar, fjordlandskap og nordisk mystikk.





– Me har aldri hatt så mange innom på eitt arrangement før, og det var heilt tydeleg at publikum sette pris på kombinasjonen av ettertanke, estetikk og fellesskap, seier Petter Gilsvik, dagleg leiar i Foreningen Kobbasteinen Kulturgard.

I tillegg til programmet på scenen, kunne publikum kosa seg med fersk sandwich eller lauksuppe, marknad med lokale produkt, eller noko godt i glaset, medan dei slo av ein prat i sola med utsikt mot fjorden.


