– Korleis me bur, har mykje å seia for korleis me lever, òg når me blir eldre.
Dette var utgangspunktet då Kobbasteinen Kulturgard inviterte til demokratisalong for å snakka om alderdom, bustad og ansvar i ei tid der både levealderen og presset på helse- og omsorgstenestene aukar.

Ordstyrar John N. Nessa innleia samtalen med å fortelja om 98 år gamle Martha Selvåg Larsen, som i juli blei skriven ut frå sjukeheimen, fordi ho var for frisk.
– Dermed klarte Martha å skaffa seg eit buproblem, 98 år gammel. Så poenget mitt er at det aldri er for seint å få eit bustadproblem, konstaterte Nessa, samtidig som han understreka at nettopp derfor er det klokt å tenkja gjennom bustad og buform før livet tar ei uventa vending.
Samtalen krinsa vidare rundt bustaden som meir enn ein stad å bu. Endra livssituasjon, tap av partnar og svekt helse gjer spørsmålet om kor og korleis ein bur stadig viktigare.
– Kven veit kva som skjer vidare i livet; både med helsa og med partnarskap? Blir me åleine, eller har me framleis eit fellesskap? Og det fellesskapet kan me starta med å førebu mange år før me blir pensjonistar, meiner Anne Lise Syversen.

Bufellesskap for seniorar, klyngetun og små landsbyar blei løfta fram som ulike alternativ mellom det å bu i heimen der ein «alltid» har budd og det å flytta på institusjon. Erfaringar frå både Noreg og utlandet viser kor viktig «rommet mellom husa» er, som møteplass, sosial arena og vern mot einsemd.
Kirsti Lærdal har ein doktorgrad i sosiale relasjonar i offentlege rom, og har på sine eldre dagar flytta inn i Vålandstun, saman med ektemannen Sjur.
– Dette er ein heilt ny måte å bu på. Det er ein sosial bustad, der folk har flytta inn fordi dei vil eiga sin eigen leilegheit, og samtidig dela fellesareal med dei andre som bur i desse husa. Alle trivest, ser det ut for, og me har fridom til å koma og gå som me vil, fortel Lærdal.

Camilla Haug Flem er tidlegare kommunalsjef for helse og omsorg i Hjelmeland kommune, medan Evy-Ann Øye er nytilsett som fagleiar på bustadkontoret i den same kommunen.
Flem og Øye peikar på store utfordringar for kommunane i tida framover, mellom anna mangel på helsepersonell og lange avstandar i distrikta. Samtidig var bodskapen klar: Eldre er ikkje berre mottakarar av hjelp; dei er òg menneske med ressursar, erfaring og vilje til å bidra.
Vil du høyra fleire eksempel, refleksjonar og konkrete erfaringar? Ein redigert utgåve av samtalen ligg tilgjengeleg i podkasten «Samtalar på Kobbasteinen».

