Korleis leggja til rette for eigen alderdom?

Korleis kan me leggja til rette for eigen alderdom i ei tid der styresmaktene slit med å skaffa nok helsepersonell, og ansvaret i stadig større grad blir lagt på den enkelte?

Bustaden er for dei fleste av oss ei ramme for tryggleik og kvardagsliv, men bør ein bu den same plassen heile livet? Når livet endrar seg, kan det òg oppstå nye “bustadproblem”. Kan alternative buformer – som bufellesskap for seniorar, klyngetun og små landsbyar – vera løysinga i både bygd og by?

Mangel på helsepersonell, store avstandar og behovet for gode mellomløysingar mellom eigen bustad og institusjon kan by på store utfordringar. Samtidig kan eldre òg vera ein viktig ressurs, med erfaringar, kompetanse og vilje til å bidra i eitt fellesskap saman med andre.

Panelsamtalen blir leia av John Nessa, med Inger Lise Syversen, Kirsti Lærdal, Camilla Haug Flem og Evy-Ann Øye som deltakarar.

Du kan òg finna «Samtalar på Kobbasteinen» på Spotify og Apple Podkaster.

Én kommentar

  1. […] Vil du høyra fleire eksempel, refleksjonar og konkrete erfaringar? Ein redigert utgåve av samtalen ligg tilgjengeleg i podkasten «Samtalar på Kobbasteinen». […]

Comments are closed.