Torsdag 17. september fekk Venneforeningen Stavanger kunstmuseum oppleva ein inspirerande og innhaldsrik seinsommardag på Kobbasteinen Kulturgard. Det blei ein dag fylt med kunst, kultur, historie, spennande møte og gode smaksopplevingar.

Birgitte og Petter Gilsvik har skapt ein unik møteplass der forfattarar, kunstnarar, forskarar og nysgjerrige menneske kan samlast for å dela idear, kunnskap og inspirasjon. Paret har tidlegare drive ein liknande kunstnarstad utanfor København, og vidarefører nå denne tradisjonen i vakre omgjevnader med storslått utsikt over fjord og fjell.
Etter ei orientering om Kobbasteinen Kulturgard, fekk deltakarane høyra eit fascinerande føredrag med den internasjonalt anerkjende papirklipp-kunstnaren Bit Vejle.

Vejle er busett i Danmark og arbeider med den tradisjonsrike teknikken psaligrafi, kunsten å «teikna med saks». Dette er ei kunstform som krev stor presisjon, tålmod og konsentrasjon, sidan eitt einaste feilklipp ikkje kan rettast. Kvart kunstverk blir skapt med stor presisjon og konsentrasjon, der sjølv dei minste detaljane er viktige.
I 2018 etablerte Bit Vejle Nordens einaste spesialmuseum for papirkunst. Gjennom arbeidet sitt ønskjer ho å formidla og vidareføra denne særeigne kunsttradisjonen, som òg representerer ein langsam og ettertenksam motvekt til det hektiske tempoet i vår travle tid.

