Donald Trump har vore tilbake i Det kvite huset i halvanna år. Kva har skjedd med USA i denne perioden, og korleis har politikken hans påverka resten av verda?
Mange kjenner kanskje på ei form for «Trump-trøyttheit». Trump står for stadig nye utspel, konfliktar og overskrifter, og det kan vera vanskeleg å skilja det viktige frå støyen. Samtidig får avgjerdene som blir tatt i Washington òg konsekvensar for oss i Noreg, både direkte og indirekte.
I denne samtalen prøver rådgjevar i Civita, Eirik Løkke, og politisk kommentator og vaktsjef i Vårt Land, Sigrid Rege Gårdsvoll, å sortera smått frå stort og støy frå substans.
Kva har Trump faktisk endra i USA? Kva betyr utviklinga for demokratiet, forholdet til andre land og den internasjonale verdsordenen? Og finst det grunnar til håp?
Forfattar og tidlegare nyheitsredaktør i Stavanger Aftenblad, Sven Egil Omdal, leiar samtalen.
Redaktør: Petter Gilsvik
Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media
Du kan òg finna «Samtalar på Kobbasteinen» på Spotify og Apple Podkaster.

