Donald Trump har vore tilbake i Det kvite huset i snart to år. Eirik Løkke og Sigrid Rege Gårdsvoll meiner skadane på amerikanske institusjonar, tillit og forholdet til allierte kan bli langvarige.

– Mange lid sikkert av ei form for utmatting som berre kan kallast «Trump-trøyttheit», sa Sven Egil Omdal då han innleidde samtalen om utviklinga i USA.
Med seg hadde han Civita-rådgjevar Eirik Løkke og politisk kommentator i Vårt Land, Sigrid Rege Gårdsvoll. Eit av hovudspørsmåla var kva som har endra seg mest internt i USA etter at Trump kom tilbake til Det kvite huset.
Gårdsvoll peika først og fremst på det ho meiner er ei systematisk samling av makt rundt presidenten. Institusjonar som tidlegare har hatt ein meir uavhengig posisjon, har ifølgje henne blitt politiserte, og fagfolk er blitt erstatta av personar som er lojale mot presidenten.
Ho trekte særleg fram helseforvaltinga som eit område der dette har fått konkrete konsekvensar, mellom anna gjennom endringar i faglege råd og svekka kontrollmekanismar.

Løkke åtvara særleg mot at stadig nye brot med politiske normer har blitt normalisert av Trump.
– Når noko blir ille nok lenge nok, venner ein seg til det, sa han.
Samtidig åtvara både Løkke og Gårdsvoll mot å forklara utviklinga berre med Donald Trump.
Gårdsvoll viste til at den politiske polariseringa og den handlingslamma Kongressen hadde utvikla seg gjennom mange år før Trump kom til makta.
– Donald Trump er ikkje sjukdommen. Han er eit symptom på sjukdommen, sa ho, men la til at han har gjort utviklinga langt verre.
Løkke peika på sosiale medier som ein avgjerande del av forklaringa på korleis Trump kunne bli vald som president tilbake i 2016.
– Det er heilt umogleg å tenkja seg Donald Trump som president utan sosiale medier, sa han.
Han viste til korleis Trump brukte Twitter til å spreia påstandar om at Barack Obama ikkje var ein ekte amerikanar, og meinte at utviklinga må sjåast i samanheng med både mistillit til eliten, finanskrisa og ei stadig meir fragmentert offentlegheit.
Både Løkke og Gårdsvoll peika på at den omfattande mengda av Trump-kontroversar i seg sjølv gjer det vanskelegare for media og publikum å halda fast på kva som faktisk er alvorleg og viktig.
– Han kan ha så mange skandalar fordi han har så mange skandalar, sa Løkke.
Eit av dei mest konkrete resultata frå den første delen av Trump sin andre presidentperiode, er kutta i statsapparatet.
Gårdsvoll viste mellom anna til at mange offentleg tilsette har mista jobbane sine, og at fleire institusjonar er kraftig reduserte. Mest dramatisk meiner ho at nedlegginga av USAID er.
– Det er borte. Og det kjem ikkje tilbake, sa ho om den amerikanske bistandsorganisasjonen, og la til at store summar som tidlegare gjekk til bistand til fattige land, er tapt for alltid, og meinte at nettopp dette kan vera eit av dei mest irreversible resultata av Trump-perioden.
Då samtalen gjekk over frå amerikansk innanrikspolitikk til resten av verda, var bodskapen frå dei to USA-kjennarane klar: USA si rolle i verda er i rask endring. Løkke meiner mellom anna at Trump-administrasjonen svekkjer forholdet til tradisjonelle allierte, og dermed opnar meir rom for Kina.

– USA som global hegemon er i ferd med å begå sjølvmord. Dei gjev frå seg denne posisjonen frivillig, sa han.
Forholdet til Canada blei òg trekt fram som eit eksempel. Løkke meinte at politikken ovafor nabolandet i nord verken gjev økonomisk eller tryggingspolitisk meining, og at resultatet i staden for kan bli at Canada søkjer eit tettare samarbeid med Kina.
Løkke og Gårdsvoll trur likevel at den politiske vinden kan vera i ferd med å snu. Dei reknar med at Demokratane vil gjera eit sterkt mellomval i haust. Løkke anslår eit fleirtal på rundt 230 mot 205 mandat i Representanthuset, medan Gårdsvoll meiner at det òg er mogleg for Demokratane å ta Senatet.
– Eit demokratisk fleirtal vil først og fremst innebera at Kongressen igjen kan fungera som ei reell motmakt til presidenten, meinte Løkke.
Løkke og Gårdsvoll trur at det mest langvarige problemet som følgje av Trump sine presidentperiodar, vil vera mistilliten til systemet, som Trump sjølv har bidratt til å skapa.
– Det som er ganske uoppretteleg på mellomland sikt, er den offentlege tilliten i USA, meiner Gårdsvoll.
Ho viste til eit samfunn der stadig fleire mistrur både institusjonar og kvarandre, og der politiske motstandarar raskt blir tillagde vonde motiv.
– Det nivået av offentleg tillit tar kjempelang tid å retta opp igjen. Og eg veit ikkje korleis du gjer det, sa ho.

Også for Europa vil forholdet til USA vera annleis framover, sjølv etter Trump, meinte dei to.
Løkke trudde eit presidentskifte kan betra det transatlantiske forholdet, men åtvara mot å tru at alt går tilbake til slik det var.
– Det kjem til å vera annleis og meir krevjande, men det kjem til å bli betre enn Trump, konkluderte han.
Gårdsvoll peika på at Europa har eit vanskeleg dilemma: Sjølv om ein framtidig amerikansk president igjen vil bli ein stabil alliert, finst det ingen garanti for kva amerikanske veljarar vel fire år seinare.
Dette gjer at Europa i større grad enn før må planleggja for ei framtid der forholdet til USA ikkje kan takast for gitt.
Vil du høyra heile samtalen? Lytt til podkasten «Samtalar på Kobbasteinen».

