Kvifor støttar amerikanske milliardærar Donald Trump, sjølv om politikken hans kan skada økonomien? Og kva kan me gjera for å hindra at økonomisk makt svekkjer demokratiet?
Maria Berg Reinertsen og Gunnar Roalkvam meiner at politikarane må våga å ta meir styring, men peikar òg på samvirke og sterkare forbrukarmakt som ein del av løysinga.

– Stemmer tel, ressursar avgjer, sa Tom Hetland då han innleidde demokratisalongen med journalist og kommentator i Morgenbladet, Maria Berg Reinertsen, og historikar og forfattar Gunnar Roalkvam.
Uttrykket stammar frå samfunnsforskaren Stein Rokkan, og viser til at politisk makt handlar om meir enn å vinna val. Store økonomiske interesser kan òg ha avgjerande innverknad på samfunnsutviklinga.
Reinertsen tok utgangspunkt i USA, der fleire av verdas rikaste menn stilte seg bak Donald Trump då han vende tilbake til Det kvite huset.
Ho stilte spørsmål ved kvifor dei held fram med å støtta presidenten, når mykje av politikken hans på lengre sikt kan vera skadeleg for amerikansk næringsliv.

Forklaringa kan vera at dei rikaste ikkje først og fremst er opptatt av størst mogleg økonomisk vekst, men av å sikra ein større del av verdiane og meir makt til seg sjølve.
Reinertsen viste til forsking som tyder på at aksjeeigarane kan tena godt sjølv i periodar med svakare økonomisk vekst, dersom politiske endringar flyttar makt og inntekter frå arbeidstakarar til eigarar.
– Økonomisk vekst i seg sjølv er ikkje så viktig for aksjonærane, så lenge ein har politiske reformer som flyttar makt – og derfor òg gevinst – i deira favør, oppsummerte Reinertsen.
Samtidig åtvara ho mot at næringslivet kan bli stadig meir avhengig av å vera på godfot med presidenten. Ho samanlikna utviklinga i USA med oligarkiske trekk i Russland, der den politiske leiaren har den avgjerande makta over næringslivet.
Fryktar for demokratiet
Reinertsen peika samtidig på at misnøya med det politiske systemet ikkje berre handlar om Donald Trump. I fleire vestlege land opplever folk at politikarane ikkje greier å løysa problema dei møter i kvardagen. Ho åtvara mot å venta på ei ny økonomisk krise før me tar denne misnøya på alvor.
– Me kan bli så blinda av å venta på den krisa at me gløymer at veldig mykje av sinnet og raseriet allereie finst. Det er ikkje sikkert at me treng eit børskrakk for å få eit opprør, sa Reinertsen.
Gunnar Roalkvam var særleg opptatt av kva samlinga av økonomisk og politisk makt betyr for vanlege folk.
– Eg er meir opptatt av at demokratiet står i fare. Ikkje berre i USA, men mange andre plassar òg, sa Roalkvam.
Han peika på at mange opplever aukande avstand til dei som bestemmer, og at kjensla av avmakt kan føra til både politisk passivitet og sinne.
Roalkvam meinte derfor at me som forbrukarar må organisera oss i større grad. Han viste til at Noreg har lange tradisjonar for forbrukarvern, fagforeiningar og frivillig organisering, men at desse må styrkjast dersom dei skal kunna vera ei reell motvekt til store økonomiske aktørar.
– Me treng eit vern, og me treng ei moglegheit til å aktivisera oss og organisera oss, meinte Roalkvam.

Politikarane må våga meir
Etter kvart dreidde samtalen seg mot norsk og europeisk politikk. Reinertsen meinte at framveksten av populistiske parti må sjåast i samanheng med at tradisjonelle styringsparti ikkje har greidd å løysa utfordringar som folk møter i kvardagen.
Ho viste mellom anna til høge bustadprisar, prisvekst og usikre arbeidsplassar.
– Folk ønskjer seg ordentlege jobbar og ein stad å bu, sa ho.
Reinertsen meinte at særleg bustadmarknaden treng meir politisk styring, fordi arv og familieøkonomi i aukande grad avgjer kven som kjem seg inn på marknaden.
– Bustad blir jo ein kjempestor forskjellsmaskin, sa ho.
Samtidig peika ho på at det kan bli vanskelegare for unge å finna relevant arbeid etter at dei er ferdig utdanna. Dersom kunstig intelligens i tillegg reduserer behovet for nyutdanna arbeidstakarar, kan fleire utfordringar treffa den same generasjonen samtidig.
Roalkvam meinte at dei etablerte styringspartia må ta eit større ansvar for å løysa problema folk møter i kvardagen.
– Det som styringspartia, Høgre og Arbeidarpartiet, alltid bruker som eit honnørord, er ansvarlegheit. Og spørsmålet er: Kven er dei ansvarlege for, spurde Roalkvam retorisk.

Vil gje samvirket ei større rolle
Roalkvam meinte at me har mykje å læra av historia. Han viste til korleis arbeidsfolk i Stavanger organiserte både butikkar og eigen produksjon gjennom samvirke i mellomkrigstida.
Han trekte òg fram bustadsamvirket etter den andre verdskrigen, der samarbeid mellom kommunar, staten, Husbanken, sparebankar og bustadbyggjelag gjorde det mogleg for vanlege folk å skaffa seg bustad.
Reinertsen meinte at desse eksempla var interessante fordi dei viser at økonomisk makt ikkje nødvendigvis må flyttast frå private eigarar til staten. Samvirke og medlemsstyrte verksemder kan vera ein tredje veg, der innbyggjarane sjølve får større innverknad.
– Det å flytta makt over til ein slik tredje sektor har mange fordelar for demokratiet vårt. Då held ein på ein slags maktbalanse, meinte Reinertsen.
Ho viste til kor mykje arbeid nordmenn legg ned i frivillige organisasjonar, idrettslag og foreldregrupper, men stilte spørsmål ved kvifor det same engasjementet ikkje kjem sterkare til uttrykk i medlemsstyrte verksemder, som Coop.
– Noreg har jo ein stor og sterk frivillig sektor, men me tenkjer ikkje nødvendigvis på det som demokrati, sa Reinertsen.
Både Roalkvam og Reinertsen meinte at sterkare fellesskapsløysingar kan bidra til å fordela makta i samfunnet betre.
– I prinsippet er samvirkemodellen framleis gyldig, fordi han framleis er demokratisk og medeigarstyrt, meinte Roalkvam.
Demokratiet krev meir enn val
Mot slutten av samtalen fekk publikum stilla spørsmål, mellom anna om politisk hat og polarisering.
Reinertsen meinte at ein viktig forskjell mellom Noreg og USA er korleis dei politiske leiarane opptrer. Ho viste til korleis Trump sin aggressive retorikk mot politiske motstandarar òg har kome til uttrykk i formelle presidentordrar.
Roalkvam peika på at norsk politikk framleis er prega av ein kultur der politiske motstandarar kan vera sterkt usamde, men likevel omgåast på ein sivilisert måte.
Begge understreka at tillit og demokrati ikkje kan takast for gitt.
Samtidig meinte dei at historia viser kor mykje som er mogleg når politikarane er villige til å ta ansvar og leggja til rette for nye fellesskapsløysingar. Reinertsen viste mellom anna til korleis økonomiske kriser i mellomkrigstida førte til nye idear om korleis staten kunne ta større ansvar for økonomien.
– Me bør bruka tida i dag til å tenkja på kva slags ny politikk ein kan koma opp med for å svara på problema i dag, oppsummerte Reinertsen.
Vil du høyra heile samtalen? Lytt til podkasten «Samtalar på Kobbasteinen».

