Stemmer tel – pengar avgjer

Me lever i eit demokrati der alle har éi stemme kvar. Men kor mykje betyr stemmesetelen når økonomisk makt er samla på stadig færre hender? Og kven er det eigentleg som bestemmer?

Då Donald Trump vende tilbake til Det kvite huset, samla fleire av verdas rikaste menn seg rundt den nye presidenten. Men kvifor støttar dei han, når politikken hans ikkje nødvendigvis er bra for økonomien eller selskapa deira? Handlar det om noko meir enn pengar, nemleg makt?

Forholdet mellom pengar og politisk makt er ikkje berre ei amerikansk utfordring. I Europa og Noreg veks òg dei økonomiske forskjellane, medan mange opplever at politikarane har stadig mindre å seia. Kva skjer med demokratiet når folk mistar trua på at politiske vedtak kan gjera kvardagen betre?

I denne samtalen diskuterer journalist og kommentator i Morgenbladet, Maria Berg Reinertsen, og historikar og forfattar Gunnar Roalkvam korleis økonomiske interesser påverkar politikken, og kva me kan læra av historia.

Kan politikarane ta tilbake styringa over økonomien? Kan sterkare forbrukarmakt, samvirke og frivillige fellesskap vera ein del av løysinga? Og kva skal til for at folk igjen opplever at det nyttar å engasjera seg?

Tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland, leiar samtalen.

Redaktør: Petter Gilsvik

Teknisk produksjon: Morten Hetland/Hetland Media

Du kan òg finna «Samtalar på Kobbasteinen» på Spotify og Apple Podkaster.

Én kommentar

  1. […] Vil du høyra heile samtalen? Lytt til podkasten «Samtalar på Kobbasteinen». […]

Comments are closed.