Bli medlem av foreningen Kobbasteinen Kulturgard

Kom til arrangementa våre, bli med i nettverket og støtt Foreningen Kobbasteinen Kulturgard. I desse urolege tidene, er det ei utfordring å vera aktuelle og følgja med når alt det me har tatt for gitt, endrar seg raskt. Trygge demokrati er under press. I denne politiske situasjonen må me stå opp og kjempa for det me trur på, men òg behalda roen, slik at me kan vera så framsynte som alvoret i situasjonen krev, og møta trusselen frå mørke krefter med politisk klokskap. Gjennom våre demokratisalongar legg me til rette for offentleg ordskifte, diskusjonar og samtalar om det hyperaktuelle eller det ukjente. Folk møtest og meiningar blir brotne. Me søkjer inkluderande løysingar på dei små og dei verkeleg store utfordringane. Me prøver å bidra med innsikt og analyse i ei tid der stadig fleire antidemokratiske krefter vinn terreng. Me utfordrar deg til å støtta arbeidet vårt med medlemskap i 2025. Medlemskap: kr 150 for enkeltperson og kr 250 for par.

Du kan registrera deg som medlem på nettsida vår: https://kobbasteinen.no Medlemskontingenten kan betales til Foreningen Kobbasteinen Kulturgards konto i

Rogaland Sparebank 3353.16.12480 eller Vipps til 853256.

Registrer deg ved å bruke skjemaet nedenfor.

Med vennlig hilsen styret for foreningen Kobbasteinen Kulturgard

Leif Magne Kleppa, John Nessa, Odveig Klyve, Birgitte Raen Gilsvik, Sven Egil Omdal, Rima Kiblawi og Petter Gilsvik

OBS: Dette feltet gjelder bare om du krysser av medlemskap for par.
Dette er ikke et obligatorisk felt.