Foreningen Kobbasteinen Kulturgard

Kom til arrangementa våre, bli med i nettverket og støtt Foreningen Kobbasteinen Kulturgard!

I urolege tider er det ei utfordring å vera aktuelle og følgja med, når alt me har tatt for gitt, endrar seg raskt.

Trygge demokrati er under press, og difor må me stå opp og kjempa for det me trur på. Men me må òg behalda roen, slik at me kan vera så framsynte som alvoret i situasjonen krev, og møta trusselen frå mørke krefter med politisk klokskap.

Gjennom våre demokratisalongar, legg Foreningen Kobbasteinen Kulturgard til rette for offentleg ordskifte, diskusjonar og samtalar om det hyperaktuelle eller det ukjente.

Folk møtest og meiningar blir brotne. Me søkjer inkluderande løysingar på dei små og dei verkeleg store utfordringane. Me prøver å bidra med innsikt og analyse i ei tid der stadig fleire antidemokratiske krefter vinn terreng.

Støtt arbeidet vårt ved å bli medlem i Foreningen Kobbasteinen Kulturgard!

Medlemskapet kostar kr 150 for enkeltpersonar og kr 250 for par.

Registrer deg som medlem ved å bruke skjemaet nedanfor.

Betal medlemskontingenten til Foreningen Kobbasteinen Kulturgard sin
konto i Rogaland Sparebank 3353.16.12480 eller Vipps til 853256.

Med vennlig hilsen
Foreningen Kobbasteinen Kulturgard
styret

Leif Magne Kleppa, John Nessa, Odveig Klyve, Birgitte Raen Gilsvik,
Sven Egil Omdal, Anita Bergøy og Petter Gilsvik

Innmelding

Vilkår for medlemsskap

Me har samla praktisk informasjon om medlemskap, betaling, rettar og plikter i vilkåra under.
Ta gjerne kontakt med oss dersom noko er uklart.

1. Partane

Seljar er:

Foreningen Kobbasteinen Kulturgard
Organisasjonsnummer: 931 593 048
Adresse: Kobbasteinen 7, 4130 Hjelmeland, Norge
E-post: petter@kobbasteinen.no
Telefon: +47 414 28 110

I det følgjande omtalt som foreininga.

Kjøpar er den personen som registrerer og betaler medlemskap, kurs, billett eller annan aktivitet, og blir omtalt som medlemmet eller kunden.

2. Tilbod

Foreininga skal bidra til å utvikla eit ope, mangfaldig og inkluderande samfunn med fokus på demokrati og menneskerettar.

Me tilbyr mellom anna:

  • Årleg medlemskap
  • Kurs og seminar
  • Dialogmøte og arrangement
  • Utstillingar og konsertar
  • Andre kultur- og samfunnsaktivitetar

Informasjon om kvart enkelt arrangement blir lagt ut på nettstaden vår – kobbasteinen.no.

3. Pris

Medlemsskapet kostar kr 150 for enkeltperson og 250 for par.

Ved kjøp av billett vil du få informasjon om pris for kvart enkelt arrangement.

Alle prisar blir oppgjevne i norske kroner (NOK).

Prisen som blir vist ved betaling er totalprisen inkludert eventuelle avgifter.

Det kjem ikkje tilleggskostnader som det ikkje er opplyst om på førehand.

4. Avtaleinngåing

Avtalen er bindande når betalinga av billettar eller deltakaravgifter er gjennomført.

Medlemskapet gjeld for inneverande kalenderår (1. januar–31. desember), uavhengig av når på året innmeldinga og betalinga skjer.

5. Betaling

Betaling skjer via Vipps eller anna betalingsløysing.

Beløpet blir trekt ved gjennomført betaling.

Medlemsskap blir fornya automatisk.

6. Levering

Ved kjøp av medlemskap er leveringa gjennomført når:

  • betalinga er registrert, og
  • medlemmet er ført inn i medlemsregisteret.

Ved kurs eller arrangement er leveringa gjennomført når medlemmet har fått stadfesting på deltaking.

Foreininga sender normalt ikkje fysiske varer.

7. Medlemskap

Medlemskapet gjeld for inneverande kalenderår, dersom ikkje anna er opplyst.

Medlemskapet:

  • gir tilgang til aktivitetar, kulturtilbod og medlemsrabattar
  • er personleg og kan ikkje overførast
  • blir fornya ved ny betaling kvart år

Det er ikkje bindingstid på medlemsskap, men medlemsskapet blir automatisk fornya kvart år, fram til du avsluttar medlemsskapet.

Ønsker du å avslutta medlemsskapet, send e-post til petter@kobbasteinen.no eller kontakt oss på telefon +47 414 28 110.

8. Påmelding til kurs og arrangement

Påmelding er bindande når betalinga er gjennomført.

Dersom du ikkje kan møta:

  • Plassen kan overførast til ein annan person etter avtale.
  • Avmelding må skje skriftleg på e-post til petter@kobbasteinen.no

Foreininga kan avlysa arrangement ved for få påmelde eller ved uføresette forhold.
Ved avlysning blir deltakaravgifta refundert i sin heilskap.

9. Angrerett

Ved kjøp på nett har du normalt 14 dagars angrerett etter angrerettlova.

Angreretten gjeld ikkje for:

  • arrangement med fast dato (jf. angrerettlova §22 m)

For medlemskap kan angreretten brukast innan 14 dagar, dersom medlemsfordelar ikkje er tekne i bruk.

Melding om bruk av angreretten skal sendast skriftleg på e-post til petter@kobbasteinen.no

10. Retur

Sidan me i hovudsak leverer tenester og medlemskap, er retur vanlegvis ikkje aktuelt.

Dersom materiell er utlevert i samband med kurs eller aktivitet, skal dette leverast tilbake etter avtale.

11. Reklamasjon og klagehandtering

Dersom du meiner at det har skjedd ein feil ved leveransen eller arrangementet, ber me deg ta kontakt så snart som mogleg.

Klage kan sendast skriftleg på e-post til petter@kobbasteinen.no

Me behandlar førespurnader fortløpande og prøver alltid å finna ei god løysing.

12. Personopplysningar

Foreininga behandlar personopplysningar i tråd med personopplysningslova (GDPR).

Me lagrar berre opplysningar som er nødvendige for å:

  • administrera medlemskap
  • gjennomføra betaling
  • informera om aktivitetar

Opplysningar blir ikkje delte med tredjepartar utan lovleg grunnlag.