Elin Moen Karlsen Strandbuen, 26.02.23 16:28
Fredag var Roger Sjursen ein av dei som fann vegen til eit uvanleg arrangement på Kobbasteinen.
Birgitte Raen Gilsvik og Petter Gilsvik har planar om å skapa ein stad for både kultur og meiningsutveksling på Kobbasteinen på Randøy.
Konseptet har dei kalla Kobbasteinen Kulturgard.
Birgitte Raen Gilsvik er opptatt av kunst og har laga til både galleri og atelier på Kobbasteinen. Mannen hennar, Petter Gilsvik, har fått med seg fleire og laga Kobbasteinens venner.
Det er venneforeininga som står bak det dei har kalla demokratisalong.
Likte konseptet
På fredag var temaet «Russland, Ukraina og Europa – hva nå?». Randøybu Roger Sjursen hadde gløymd å kjøpa billett, men fekk tak i ein då ei som skulle gå blei sjuk.
– Eg snakka med Petter for ei stund sidan og likte konseptet han er i gang med. Det var ein veldig bra kveld. Både tankevekkande og lærerikt, slår Sjursen fast.
UKRAINA SOM TEMA: Øyvind Nordsletten (frå venstre), Tom Hetland og Ingeborg Eliassen deltok på demokratisalongen. Foto: Privat
Dei som deltok på temakvelden var Øyvind Nordsletten, som tidlegare var Norge sin ambassadør i Russland og Ukraina, tidlegare sjefredaktør i Stavanger Aftenblad, Tom Hetland og journalist og forfattar Ingeborg Eliassen, som leiar det europeiske journalistnettverket Investigate Europe.
Poet og filmskapar Odveig Klyve presenterte sin nye film til diktet «Skjelv du på handa i dag, Vladimir?». Dette diktet er sett om til 100 språk.
– Gjorde inntrykk
– Filmen til diktet gjorde inntrykk, og det er fantastisk at poesi kan leva sitt eige liv og plutseleg skapa mykje i verda. Det var også ein informativ gjennomgang av historia til Ukraina og forholdet til Russland, seier Sjursen.
– Det gav meg eit breiare perspektiv til å forstå meir av det som skjer nå, legg han til.
Randøybuen peikar på at han gjerne deltar på tilsvarande arrangement på Kobbasteinen i framtida.
– Det gir meining å dela søkjelys på slike tema med andre i lokalområdet, seier Roger Sjursen.
Kobbasteinens venner
John Nessa, Randi Mannsåker, Leif Magne Kleppa, Sven Egil Omdal, Odveig Klyve og Petter Gilsvik sit i interimsstyret i Kobbasteinens venner.
Dei planlegg fleire arrangement på Kobbasteinen. I mai blir det forfattarmøte med Sven Egil Omdal, som har skrive bok om nordmenn i nazistane sin dødsleir Sachsenhausen.
I juni blir det konsert med Rita Eriksen og dikt av Gunnar Roalkvam, og i august skal blant anna biskop Per Arne Dahl, Magnhild Meltveit Kleppa og John Nessa delta på eit arrangement kalla «Det er håpet som er progressivt».
I juni neste år skal det vera kunstnarsymposium på Kobbasteinen.¨